født 1964 i Serooskerke (W), Nederland

byrja i 7 års alderen med orgeltimar hjå Jac. Suurmond, organist Gereformeerde kerk i Oost-Souburg

etterpå eit halvt år pianotimar hjå Simon van der Meer

1980 – 1982 orgel- og pianoundervisning hjå Leen de Broekert

Zeeuwse Muziekschool i Middelburg

1982 – 1989 orgel- og kyrkjemusikkutdanning ved Koninklijk Conservatorium i Den Haag med Johann Th. Lemckert, Theo Goedhart og Rienk Jiskoot

masterclasses med Ewald Kooiman, Bernard Winsemius og Harald Vogel i 1990 og 1992 under Sommarakademiet i Haarlem (NL)

mellom 1982 og 1991 (bi-)organistjobbar i Marnixkerk og St. Jacobskerk i Vlissingen og Gereformeerde og Hervormde kerk i Koudekerke

i same periode dirigent for «Interkerkelijke cantorij Koudekerke», Petruskerk-cantorij i Vlissingen og koret «Soli Deo Gloria» i Oost-Souburg

frå 1992 til 1994 dirigent for Zuiderkerk-cantorij i Hilversum og skulekoret «De Wittenberg» i Zeist

flytta i 1994 til Lærdal og jobba som kantor der fram til 1998

sidan 1998 kantor i Fusa

sidan 2009 dirigent for Strandvik Blandakor