Fusa_ekst

Fusa kyrkje ligg ved garden Oppsal på Fusa. I 2003, under førebuingane til ny kyrkjegard ved sida av kyrkja, vart det gjort oppgravingar som viste at dette området historisk sett er svært interessant.

Den fyrste kyrkja på Fusa var sannsynleg ei stavkyrkje. Det einaste som er igjen etter denne er døypefonten av kleber som visstnok står på Kirkekunstsamlingen til Universitetsmuseet i Bergen.

I året 1600 vart mellomalderkyrkja erstatta av ei ny kyrkje. Fusa sokn var då, sidan 1560, slått saman med Os prestegjeld på andre sida av Bjørnafjorden. Kyrkja var bygd av tømmer og «af een størrelsse som Strandvigs paa lengden, men noget Smalere paa bredden» (sitat frå kappellan Andreas Christie, 1686). I 1721 vart målene oppgitt meir nøyaktig: «Corets lengde 10 al. og Breden 10 1/2 al. Kirchen 21 al. lang og 13 3/4 al Bred. Waabenhuset 7 allen i Kandt» (frå boka «Norges kirker, Hordaland 2«).

Straks etter at Fusa vart eige prestegjeld igjen i 1855 sette ein i gang med planar for ei ny kyrkje, sidan den førre var for liten. Etter mykje om og men vart den nye kyrkja, etter teikningar av arkitekt Stockfleth, fullført i 1861. Kyrkja stod på eit nytt innkjøpt stykke jord ved sida av den gamle kyrkja, som sidan vart reven. Arkitekt Stockfleth sine teikningar vart seinare (i 1867) nytta til bygging av Bruvik kyrkje på Osterøy, og i 1871 til Vinje kyrkje på Voss.

I 1907 vart det teikna kontrakt med Olsen & Jørgensen orgelfabrikk, Kristiania, for levering av Fusa kyrkje sitt fyrste orgel. Orgelet stod ferdig året etter. Det fekk ni stemmer fordelt på eitt manual og pedal og hadde mekanisk overføring. Sidan det ikkje var nokon som kunne eller ville vere organist, tok prestefrua Elisabeth Margrethe Behrens Marstrander, som kunne spele piano, eit semester i orgelspel ved Musikkonservatoriet i Oslo og vart deretter den fyrste organisten i Fusa kyrkje.

Sundag 11. januar 1959, kort tid etter gudstenesta, brann kyrkja ned til grunnen. Årsaka var truleg ei defekt loddpipa (O.B. Skaathun, «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik» del II). Eit lite 1700-talls krusifiks på altaret i den noverande kyrkja er ein av dei få tingene som er igjen etter brannen. Fusa_krusifiks

Den nye kyrkja vart vigsla 2. september 1962. Ho er teikna av arkitekt Ole Halvorsen og oppført i betong. Ho står på same stad som tre-kyrkja frå 1861.

interiør mot aust

interiør mot aust

I staden for ei altartavla har kyrkja fått eit freskomåleri av Bjørn Tvedt på veggen bak altaret. Ein ser ein sitjande Jesus ved brønnen, i samtale med den samaritanske kvinne. Ansiktet på kvinna ser me ikkje, ho er ikkje viktig. Det er derimot Jesus, difor er lyssetjinga også slik at lyset frå spotlighten faller på han. Teksten under maleriet er slutten på Johannes 4,10 «… og han gav deg levande vatn.»

koret med freskomåleri som altartavle

koret med freskomåleri som altartavle

detalj altartavla

detalj altartavla

I 2012, i samband med 50-års jubileet, vart interiøret i kyrkja måla i nye fargar. Desse kan ein sjå på ovanstaånde bileta. Neste bilete viser interiøret mot aust med dei originale fargane.

interiør mot aust med originale fargar slik det var frå 1962-2012

interiør mot aust med originale fargar slik det var frå 1962-2012

Den nye kyrkja fekk eit orgel som vart bygd av Olsen & Jørgensen orgelfabrikk, Kristiania, i 1916 med opusnummer 456 for Birkeland kirke på Nesttun. Dette var eit orgel med pneumatisk kjegleladeoverføring.

Olsen & Jørgensen, opus 456, slik det stod i Birkeland kirke frå 1916 til 1962

Olsen & Jørgensen, opus 456, slik det stod i Birkeland kirke frå 1916 til 1962

Fusa overtok orgelet for Kr. 25.000,-. Monteringa, utført av Vestre’s Orgel- og Pianofabrikk, kom på Kr. 16.000,-. Orgelet fekk eit nytt prospekt som vart teikna av arkitekt Ole Halvorsen.

Olsen & Jørgensen, opus 456, slik det stod i Fusa kyrkje frå 1962 til 2004

Olsen & Jørgensen, opus 456, slik det stod i Fusa kyrkje frå 1962 til 2004

Slik såg det ut på galleriet

Slik såg det ut på galleriet

Orgelet hadde fylgjande disposisjon:

Hovudverk (C-g3) Svellverk (C-g3) Pedal (C-e1) Koppler, osv.
Bordun 16’ Gedakt 16’ Subbas 16’ Manualkoppel
Principal 8’ Geig.principal 8’ Gedakt 16’ tr. Sv. Suboctavkoppel II-I
Gamba 8’ Liebl. Gedackt 8’ Violon 8’ Superoctavkoppel I
Jubalfløite 8’ Salicional 8’ Bassun 16’ Pedalkoppel 1
Octav 4’ Voix Celeste 8’ Pedalkoppel 2
Fløite 4’ Fugara 4’ Tremolo
Waldfløjte 2’ Melodiekoppel 1-2
Mixtur IV* Pianopedal av
Trompet 8 2 frie kombinasjoner
4 faste (p, mf, f, tutti)
General Crescendo
*C: 2 2/3-2-1 1/3-1 rørverk av
rep. på c2 og c3 crescendo av
fri manual 1

Sjølv om orgelet fekk ei ny sjanse i Fusa kyrkje vart det dessverre rimeleg fort klart at det ikkje kunne få det evige livet her. Knapt 30 år etter innviinga i Fusa var problema blitt så store at planane om utskifting eller restaurering byrja å få kjøt på beina. Til slutt resulterte dette i 2004 i eit nytt, mekanisk orgel, levert av Orgelmakerij Steendam, Roodeschool (NL). Dei gamle pipene til Olsen & Jørgensen-orgelet ligg lagra hos Orgelmakerij Steendam med tanke på gjenbruk når eit liknande orgel vil verte utvida eller restaurert. Fram til no er det berre pedal-Basunen som har fått eit nytt liv i orgelet i «De Hofstad» i Apeldoorn (NL).

Interiør mot vest etter fargeendringane frå 2012 med Steendam-orgelet frå 2004 på galleriet

interiør mot vest etter fargeendringane frå 2012 med Steendam-orgelet frå 2004 på galleriet

her ser ein tydeleg "bølgjene" i orgelprospektet samt interessant malararbeid (bilete frå før interiørendringane i 2012)

her ser ein tydeleg «bølgjene» i orgelprospektet samt interessant malararbeid (bilete frå før interiørendringane i 2012)

spelepulten til Steendam-orgelet

spelepulten til Steendam-orgelet

Legg særleg merke til det flotte malararbeidet som er utført av Henk van der Luyt frå Orgelmakerij Steendam etter innspel frå Anne Hesvik i samband med ein ikkje utført fargeplan for Fusa kyrkje!
Galleribrystninga er mala av Anne Hesvik og laga av Yngve Kartveit, med god hjelp av Arne Brandanger (oldebarn til den fyrste organisten). Her vart det ein del gjenbruk av delar frå den gamle brystninga. Dei seks-kantete pyntefigurer er også brukt på orgelprospektet for å skape ein flott heilskap.

Orgelet har fylgjande disposisjon:

Hovudverk (C-g3) Svellverk (C-g3) Pedal (C-f1)
Bourdon 16’ Salicionaal 8’ Subbas 16’
Prestant 8’ Gamba 8’ (C-H = Holpijp) Octaafbas 8’
Roerfluit 8’ *Holpijp 8’ b/d Bazuin 16’
Quint 6’ d *Open fluit 4’ b/d
Octaaf 4’ *Quintfluit 3’ b/d Koppler
Gemshoorn 4’ *Woudfluit 2’ b/d P + I
Quint 3’ *Terts 1 3/5’ b/d P + II
Octaaf 2 Fagot 8’ b I + II b/d
Quint 1 ½’ b/d Dulciaan 8’ d
Sifflet 1’ b*/d Schalmei 8’ d
Trompet 8’ b/d Tremulant konsulent: Kristen Øgaard
liksvevande stemming
* halv opna = C-H, opna heilt = C-h * samanlagt = Cornet V vindtrykk Hv. + Ped. 76 mmvindtrykk Sv. 85 mm

Eit påfallande trekk i disposisjonen er tilsynelatande mangelen på Mixtuur-registeret. Her har Steendam, i samråd med konsulent og kantor, tilpassa décomposé-prinsippet, ikkje berre for Cornetten, men også for Mixturen. Slik kan ein bruke kvart einskild register og såleis utnytte kvar einaste piperekkje i orgelet. Dessutan kan ein tilpasse Mixtuur-styrken til storleiken på kyrkjelyden.

For å lage ein Mixtuur på 8′-basis treng ein (i tillegg til Principalene 8, 4, 3 og 2) Quint 1 1/2′ bass og Sifflet 1′ bass i halv opna stand (dvs. kun C-H).
For ein Mixtuur på 16′-basis tilføyer ein Bourdon 16′ og Quint 6′ diskant. The proof of the pudding is the eating: spel ein skala nedover heile manualet og du vil høyre repetisjonane som er typiske for Mixtuur-registeret!

Steendam-orgel frå 2004

Steendam-orgel frå 2004

Bileta av oppbygginga i orgelverkstaden kan du sjå her (klikk på eit bilete for å få det større). Desse bileta er ein del av ei heimeside om «tvilling»-orgelet i ei kyrkje i Dalfsen (NL). Orgelnemnda der gjekk fyrst for ei prospektutforming som Steendam-orgelet i Apeldoorn. Men då dei ved eit besøk i verkstaden såg Fusa-orgelet i emning, ombestemte dei seg og tinga same prospekt. Begeistringa gjald ikkje minst også fargevalet og malingsteknikkene. Sidan dette skulle medføre ekstra kostnader, bestemte dei seg for ein meir nøktern utarbeiding med dette som resultat.

mp3-filer med opptak frå Steendam-orgelet i Fusa:

Toccata og Fuge i d-moll, BWV 565 av Johann Sebastian Bach, live-opptak frå Bach-konsert, 30.09.2005          brukte registreringar

Magnificat Noni Toni av Samuel Scheidt, live-opptak frå aftansong på Maria Bodskaps-dag, 26.03.2006          brukte registreringar

slutningssalme «Salig er Maria», tekst: Eyvind Skeie, melodi: Trond Kverno (NoS 24) opptak frå aftansong på Maria Bodskapsdag, 26.03.2006          brukte registreringar

salme «Trøst oss her og nå», tekst: Arnold Eidslott, melodi: Iman de Zwarte – opptak frå gudsteneste til minne om kapellan Svein Bjørhovde, 24.10.2007

Passacaglia i c-moll, BWV 582 av Johann Sebastian Bach, live-opptak frå orgelkonsert 02.11.2007

slutningssalme «Cantai ao Senhor» Salmer 1997 nr. 89 / N13 nr. 393, live-opptak frå gudsteneste på sundag Cantate, 20.04.2008

Fantasie «Ein feste Burg» opus 27 Max Reger, live-opptak frå konsert på Reformasjonsdagen, 31.10.2008

The Strong-Tower-Postlude av Matthias Nagel, NoS 295/296 og N13 nr. 108 i jazz-stil, live-opptak frå konsert på Reformasjonsdagen, 31.10.2008 «Toll und sehr erfrischend ge-spielt!» (Matthias Nagel)

Choral varié du «Veni Creator» opus 4 av Maurice Duruflé, live-opptak frå gudstenes-ta 1. Pinsedag 2009 – spelt under ofringa og Final som postludium

noël «Il est né le divin enfant» av Leen de Broekert, opptak 31.08.2010

«Kirken den er et gammelt hus» av Mons Leidvin Takle – Lindemans koral bearbeidet i jazz-stil*, live-opptak frå jubileumskonsert Fusa kyrkje 50 år, 28.09.2012

* notene finnes m.a. i boka «Festivity» av Mons Leidvin Takle. Dette er fyrste bind i serien «The organ of today», og er utgitt på Cantando, bestillingsnr. C2141. I denne boka er verket, med tittelen «Lo, in the wilderness a voice», tileigna Iman de Zwarte

Fuge i G-dur, BWV 577 av Johann Sebastian Bach, live-opptak frå jubileumskonsert Fusa kyrkje 50 år, 28.09.2012

inngangssalme «Gjer døri høg» NoS 6 / N13 nr. 5, live-opptak frå «nine lessons and carols» på 4. sundag i advent, 22.12.2013