Sævareid kapell

vart opphavleg bygd som gravkapell i 1956 etter teikningar av arkitekt Anders Nordtvedt. Arbeidet vart utført under leiing av byggmeister Torkel Årvik.Kapellan Håkon Hovland var primus motor for eit påbygg. Og i 1961 vart gravkapellet utbygd med kor og sakristier, også etter teikningar av Anders Nordtvedt. Sævareidfjordingane sokna fram til då til Strandvik kyrkje, men i 1961 vart det utvida gravkapellet vigsla til kapell og Sævareid hadde dermed fått si eiga kyrkje.

(klikk på bileta for større bilete)

I 1986 vart eit bårehus, kombinert med redskapshus og toalett, bygd på nordsida av kapellet.

Kapellet har omkring 90 sitteplassar. Til dei månedlege gudstenestene (utanom julaftan) er dette meir enn nok. Det er derimot tradisjonellt stor oppslutning når det er gravferd og då er kapellet alt for lite. For å bøte litt på plassmangelen vart det i 2006 utført ei lite utviding med ny utgang på sørsida av kapellet.

 

   
 interiør mot kor koret

Skipet har bratt takvinkel med eit kristogram (eller kanskje rettare sagt: labarum) mot veggen over koret. Koret er lågare enn skipet og har mindre bratt takvinkel.

Kapellet hadde tidlegare ein forholdsvis stor, firkantet preikestol. Kring 2000 er denne erstatta av ein lesepult i same stil som døypefonten. Begge er utført i furu.

Dei opphavlege åpne benker i tre vart i 1998 erstatta av stofferte furustolar. Desse vart kjøpt inn med støtte frå næringslivet og lokalbefolkninga i Sævareid.

Alteret er eit smalt bordaltar utført i furu. Denne står oppstilt mot eit retabulum med skrånende sider. På framsida har denne platen blått ullstoff med innvevde krossmotiv.
Altarduken er ei gåve av Martella Fjellstad («Tilla»). Det var også ho som laga den.
Dei to små lysestakane er ei gåve frå «Sævareid sanitetsforening den eldre». Dei to store vart kjøpte inn i lag med nattverdsytstyret for midlar innsamla i bygda. Kapellan Håkon Hovland stod for innkjøpet.

På veggen over alteret heng eit enkelt, forgylt kross.
Lysekruna er også kjøpt for innsamla penger i bygda under leiing av Sigvald Norheim.

 

   
 interiør mot vest Johannus Positief Van Rhijn

Det fyrste orgelet i kapellet var eit harmonium, kjøpt frå ein nabo som flytta. Denne vart seld tilbake i bygda då eit elektronisk Eminent 650 Classique inn. Denne vart vigsla 15. november 1970. Sidan dette orgelet byrja å fungere svært dårleg, vart det i samband med 50-års jubileum for kapellet i 2006 kjøpt inn eit nytt elektronisk orgel, eit Johannus Monarke Positief Van Rhijn. Dette vart vigsla 26. november 2006.

 

 manual I  manual II  pedal
 Bourdon  16′  Stopped Flute  8′  Subbas  16′
 Principal  8′  Viola di Gamba  8′  Principal  8′
 Rohrflute  8′  Vox Celeste  8′  Gedackt  8′
 Octave  4′  Flute  4′  Contra Trumpet  16′
 Open Flute  4′  Flute Twelfth  2 2/3′  Trompet  8′
 Twelfth  2 2/3′  Waldflute  2′
 Octave  2′  Tierce  1 3/5′
 Cornet  III  Cromorne  8′
 Mixture  IV  Tremulant  koppler
 Trumpet  8′  P+I
 Vox Humana  8′  P+II
 Tremulant  I+II

Ein del av informasjonen kjem frå «faktasetningar» laga til 2006-jubileet av Astrid Heidal i samtale med Kirsten Henanger, nabo til kapellet og tidlegare kyrkjetenar. Kyrkjelydspedagog Hildegunn Myrlid Eide redigerte og hadde samarbeid med 4. og 5. klasse ved Baldersheim skule under jubileumsgudstenesta.