Sundvor kyrkje (eller Sundvor kapell, som den vart kalla fram til år 2000) vart, etter mange år med planlegging, påbegynt i 1926 og ferdig bygd i 1927. Vigslinga skjedde sundag 14. oktober 1927.Sundvor var ein del av Strandvik sokn. Men lang og, spesielt vinterstid, strabasiøs kyrkjeveg (3 timar i robåt) gjorde det turvande med ei kyrkje på Sundvor.

Arkitekt var Erlend Tryti frå Bergen og byggmeister var Engel Sundfjord, som også sat i byggjenemnda.

Kyrkja er ei einskipa langkyrkje med eit lågare og smalare rettavslutta kor. I vest er våpenhuset med inngang frå sør. I 1980 kom eit tilbygg på plass med bårerom, gang og toaletter. Andre etasje, «kyrkjeloftet», vart ferdig innreia i 2003 med eit rom til sundagsskule og kyrkjekaffe.

 

   

Over inngangen til kyrkjeskipet står teksten frå Matteus 11,28.
Altartavla er i klassisistisk stil med to kannelerte pilastre som bærer ein trekantgavl krona med ei stjerne. Altarbilete er laga av Frida Rusti i 1927. Ein ser den opstandne Jesus med hendene lyfta til velsigning. På predellaen står teksten frå Johannes 14,27.

 

 
 
 

Påfallande i Sundvor kyrkje er dei mange flotte detaljene. Me ser flotte fargar og rosemalte blomsterranker over korbogen, på gesimslister langs nord- og sørveggen, på galleribjelken, på dørfyllinger og fyllinger på galleriet og korskranken.
Legg også merke til lysekrona i skipet. Den er laga i 1939 ved Voss kunsthåndverkskole.

Morsom detalj: harmonikaformede støtter mellom tak og strekkbjelker. For å fange opp rørsla i treverket?
Mindre morsom detalj: bilete er også ein illustrasjon på vedlikehaldet av kyrkjebygg i oljenasjonen Noreg i starten av det 20. århundre.

 

 

Det fyrste orgelet i Sundvor kyrkje var eit harmonium. Dette vart i 1977 avløyst av eit lite (tilsynelatande serieprodusert) positiv med eit sjølvstendig pedalregister som «ekstra utstyr». Orgelet er levert av Vestre’s orgel- og pianofabrikk, Haramsøy.

   
 

Orgelet har følgjande disposisjon:

 manual (C-f3)  pedal (C-d1)
 Gedakt 8′ b/d  Subbas 16′ (fottrinn)
 Principal 4′ b/d
 Rørfløyte 4′ b/d  koppel
 Oktav 2′ b/d  Pedal + manual (fottrinn)
 Mixtur II-III b/d